Hvordan kan man lytte med nye ører på noen av de mest kjente klassikerne fra jazzlitteraturen? Kom og opplev Chet Bakers tidløse og velkjente jazzklassikere omarbeidet til norsk, fremført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit fra Ål i Hallingdal. Baker Hansens tolkninger på norsk gjør at både musikken og innholdet kommer tettere på oss.
Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss – og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Me har dei seinare år inngått eit samarbeite med saxnestor John Pål Inderberg.
Baker Hansen har gjeve ut tre album med Chet på norsk, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016). og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019) og arbeider med heilt nye gjendiktingar og studioinnspeling i 2023.
Sigurd Rotvik Tunestveit, song og gjendiktingar Erling Skorpen, trompet Tore Flatjord, trommer Kjetil Jerve, piano Stian Andreas Egeland, Andersen kontrabass